Transportkalkyle for grovfôr- og gjødselspreiing på gardsbruket

Velkommen

Dette verktøyet reknar kostnader knytt til køyring til og frå driftssenteret og ut til eige og leigd areal.

Køyring på sjølve arealet er ikkje inkludert i utrekninga.

Vidare er det berre køyring knytt til frakt av grovfôr og frakt av gjødsel som det vert kalkulert kostnader for.

Her fyller du ut skjema for dei dei teigane som er aktuelle, og maskinparken du brukar.

Du opplyser om arealstorleik og teigavstand frå driftssenter, og kryssar av for formåla i høve spreiing/hausting. Du må oppgje alle teigar, også dei som ligg nær driftssenteret. Set transportavstand til 0 på desse teigane.
Du opplyser om totalavling for rundballar, silo og anna grovfòr
Du opplyser om mengde dyr som ligg til grunn for gjødselspreiinga, og ev om dei har vore på beite.
Du opplyser om kostnad og kapasitet for traktor, grasutstyr og spreiingsutstyr
Du klikkar på Generer kalkyle. Har du gløymd noko i skjemaet, så får du det opp på nytt med feilmelding, fiksar og genererer på nytt.
Skjemadata blir behandla, og du får opp ei kalkyle med kostnadsutrekningar for maskinparken, samt kostnader og andre variablar knytt til transporten.

Når du har utført ei kalkyle, så kan du inne på visningssida for kalkyla gå til ferdig utfylt skjema for å foreta ei justert kalkyle

Du kan evt sjå kalkyleresutatet for eit døme.

Har du lagra kalkyler her tidlegare?

Verktøyet er utarbeida av:

Signe Kårstad

NIBIO Bergen

signe.kaarstad@nibio.no

Torbjørn Haukås

NIBIO Bergen

torbjorn.haukaas@nibio.no

Tilrettelagt for nett av Narve Brattenborg